Tid: laurdag 16. november kl. 10:00 - 13:00
Stad: Intimscenen

Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev FolkOrg stønad til heile 16 prosjekt fordelt på 9 av landets 15 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer vi seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Det blir presentasjon frå tre ulike prosjekt som har fått rekrutteringsmidler frå Dextra Musica i 2024. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.

Seminaret er gratis, påmelding skjer gjennom lenka under.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.

PÅMELDING GJENNOM FOLKORG SI NETTSIDE innan måndag 11. november. Merk at seminaret har begrensa med plasser, så her er det førstemann til mølla som gjeld!

Seminaret er finansiert av Dextra Musica.

Velkommen!

 

For spørsmål, ta gjerne kontakt: 
Live Visdal
Rådgjevar i FolkOrg
live@folkorg.no 
tlf. +47 97 41 55 15