Velkomen til årets Folkelarm på Riksscenen i Oslo 14.-17. november.
Vi ynskjer å invitere særskilte gjester og samarbeidspartnarar til opninga av årets Folkelarm, torsdag den 14. november. Du er herved invitert.
Det blir ei velkomstmottaking på Riksscenen frå kl 18. Det blir lett servering og noko boblete i glaset. Litt før kl 19 losast vi opp til hovedsalen der den offisielle opninga skjer. Programmet går rett over i fyrste showcase, som er GKN5. Kvelden fortsetter med finale for årets Introfolk, og videre følger fleire showcaser og dansespel. Du er hjarteleg velkomen til å vere med heile kvelden.
LITT OM ÅRETS PROGRAM
14.-17. november vert Folkelarm gjennomført på Riksscenen i Oslo. Folkelarm er det største bransjetreffet for nordisk folkemusikk, og har eit innhaldsrikt seminar og delegatprogram, i tillegg til å showcase 25 artister. Folkemusikarar og folkedansarar frå heile Norden kan søke om showcase, og delegatar frå ein internasjonal bransje vert invitert inn.
I år går Folkelarm fra torsdag til og med sundag. Nytt av året er at vi set av heile sundagen til fokus på barn: FolkelarmUng. Her showcaser vi tre barneforestillinger i tillegg til å ha mange andre aktiviteter for barn.
Årets Folkelarmpris blir laurdag 16. november. Den blir større og meir innhaldsrik enn tidlegare, og det er Tuva Syvertsen og Sivert Holmen som loser oss gjennom dette programmet.
Ellers er det seminarer kvar dag, det er showcaser kvar kveld, og det er sjølvsagt - i beste folkemusikkånd - dansefest kvar kveld etter at showcasene er ferdige.
Årets partnarland er Skottland. Det vil si at det er to skotske artistar som blir showcaset på årets Folkelarm. Begge desse er fredag kveld.
Fullstendig program finn du her.
Målet med Folkelarm er å marknadsføre norske og nordiske folkemusikarar og folkedansarar for både ein norsk og internasjonal bransje. Det er ein møteplass for dei som arbeider med folkemusikk og folkedans i Noreg og Norden. Det er eit mål å gjennom møteplassar og seminarar å kunne auke kompetansen i miljøet og sette fokus på sjangeren mellom anna med å dele ut Folkelarmprisane, ha finale i Introfolk, osb.. Showcase-konsertar, seminar, mingling og dansefestar fyller Riksscenen desse dagane.
Du er sjølvsagt velkommen til å delta på resten av arrangementet, så kryss av om du ynskjer delegatpass for heile helga, og/eller om du ynskjer å stå på gjesteliste på Folkelarmprisen laurdag ettermiddag.
Velkomen til årets Folkelarm.
Med helsing frå
Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg
Ann Helen Erichsen, prosjektleiar i Folkelarm.
TAKK JA TIL INVITASJONEN VED Å FYLLE UT SKJEMAET UNDER: