Seks av dei mest lovande, unge folkemusikarane blei plukka ut etter ein søknads- og juryeringsprosess i august. Det var Martin Steinum Brun (Vågå), Vera Sonne (Oslo), Andrea Søgnen (Gol), Åsmund A. Farstad (Volda), Amalie K. Tvilde (Kinsarvik) og Trygve Liahagen (Ottestad). 

Torsdag 24. oktober under opningsdagen på Osafestivalen gjennomførte dei seks deltakarane ein Introfolk-konsert. Frå denne valgte ein jury ut tre deltakarar som går vidare til finalekonserten på Folkelarm. Frå denne velger en jury ut Årets unge folkemusikar 2024 som blir offentliggjort under årets Folkelarmprisen laurdag 16. november.    

- Dei seks deltakarane gav oss ei strålande konsertoppleving i Voss. Me skulle gjerne hatt fleire plassar, men er nøydde til å ta eit val. Me har valt å senda vidare tre unge musikarar som alle har ein sterk musikalsk integritet, formidlingsevne og eit overbevisande overskot. Alle tre har mykje musikk på hjartet og eit sterkt nærvær på scena, seier Gusta Tronstad på vegne av juryen. 

Juryen på Introkonserten under Osafestivalen bestod i tillegg til Gusta Tronstad av Berit Opheim og Ådne Geicke Kolbjørnhus.  


Presentasjon av årets finalistar: 

Amalie  Kinsarvik Tvilde, Kinsarvik ( 25 år) Durspel

Amalie Kinsarvik Tvilde er ei av dei fremste utøvarane på durspel i Norge. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen.  

Som durspelar har Tvilde allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte.  

Tvilde har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest.

 

Åsmund Arnesen Farstad, Volda (22 år) fele/hardingfele 

Åsmund A. Farstad har røtter og hovudverke i tradisjonsmusikken på Nordvestlandet, med Sunnmøre og Nordfjord som sine kjærneområder. Åsmund har dykka inn i musikken frå dei gamle kjeldene og jobbar med det eldste stoffet ein finn frå området. Gjennom munnleg lære, notar og med arkivopptak har han henta ut musikk som få har høyrt. Musikken er mangfoldig og strekkjer seg frå det friske, raske og kraftige dansespelet, til det såre og rolege salme og lyarspelet. 

Åsmund er ein alsidig musikar som hentar inspirasjon frå andre sjangre og er aktiv i fleire musikalske prosjekt, som til dømes folkrockbandet “Kjeltring” og gamaldansgruppa “Farstad og Farstad”  

 

Martin Steinum Brun, Vågå (25 år) folkesong 

Som songar har Martin verka innan både klassiske og folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble. Etter ei klassisk skolering ved Griegakademiet i Bergen, tek han no ein bachelor innan utøvande folkemusikk på Norges Musikkhøgskole. Nyfiken på å vidareformidle sin lokaltradisjon frå Nord-Gudbrandsdalen er han uredd for å utforske materialets plass i nye konstelasjonar. 

Brun er aktiv innan fleire prosjekt, til dels vokaltrioen Rakkarpakk som våren 2023 fortset konsertserien KVADBAD dei utarbeida saman med Oslo Badstuforening i 2022. Andre aktuelle prosjekt er hans tolking av Draumkvedet, (framførast saman med organist Vemund Olav Aukrust i mars 2023) og Så song'o for vokalensemblet GAEA (arrangement for vokalensemble, framførast våren 2024). 

Brun mottok i 2012 Drømmestipendet og vart i 2019 tildelt kulturstipend frå Vågå kommune. I 2024 mottok Martin Talentstipendet til Peer Gynt AS.

Introfolkfinala gjennomførast torsdag 14.november og blir ei del av opninga av Folkelarm 2024. Årets unge folkemusiker får ein eigen mentorpakke i 2025 og ei ferdigsydd turne hos heilårsarrangørar og festivaler som er knytt til FolkOrgs sitt nettverk. 

Vi gratulerar dei tre flotte finalistane og gler oss til Introfolkfinalen torsdag 14.november kl. 20:00.

Programoversikt Folkelarm finner du her! 


INTROFOLKFINALE PÅ FOLKELARM

Introfolkfinala gjennomførast torsdag 14.november og blir ei del av opninga av Folkelarm 2024. Årets unge folkemusikar får ein eigen mentorpakke i 2025 og en ferdigsydd turne hos heilårsarrangørar og festivaler som er knytt til FolkOrgs sitt nettverk. 

ÅRETS SAMARBEIDSPARTNARAR 

Lanseringa av Årets unge folkemusikar 2024 skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. Artisten får ein konsert- og festivalturné i Noreg i 2025 og eit tilrettelagt mentorprogram som blir laga i samarbeid med musikarane sjølv. 

Mentorprogrammet blir lagt opp etter ønska og behova til musikarane, og kan innehalda mellom anna møte med bransjeaktørar for ein introduksjon til livet som profesjonell musikar, tilrettelegging av møteplassar og nettverksbygging og dessutan opplegg for kunstnarisk utvikling. 

FolkOrg gjennomførar Introfolk annakvart år og har tidlegare samarbeida med Rikskonsertene og GRAMO om programmet. Tidligare vinnarar av INTRO-folk er: Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018) Sigrid Stubsveen (2020) og Eir Vatn Strøm (2022).