Torkjel Bruland Lavoll
Fredag kl. 20:15 / kl. 00:40 / Lørdag kl. 00:10 / 22:40
SHOWCASE:
Fredag på Klubbscenen NRK Folk:LAB kl. 20:15
Fredag på Klubbscenen kl. 00:40 (dansespill)
Lørdag på Lille Oslo kl. 22:40 (dansespill)
Lørdag på Intimscenen kl. 00:10 (dansespill)
Torkjel Bruland Lavoll frå Førde starta å spele hardingfele som sjuåring, og har sidan den gong hatt Sigmund Eikås som viktigaste læremeister. Hovudfokus er på det heimlege vestlandsspelet, men Lavoll er heller ikkje redd for å prøve seg på verken Hallingdal- eller Valdres-materiale.
Å spele til dans er noko av det kjekkaste han veit, og under Folkelarm vil Lavoll levere rytmesterkt og drivande spel frå eit bredt repertoar med sylkvasse slåttar. Spelferdene hans har tidlegare ført han heilt til Usbekistan og Japan, og han gler seg stort til å reise til Oslo spele til dans under Folkelarm.
Torkjel Bruland Lavoll er:
Torkjel Bruland Lavoll - hardingfele
Kontaktinformasjon:
Torkjel Bruland Lavoll
torkjellavoll@hotmail.com
YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=our0HakhmX0
Foto: Johannes Selvaag