FolkelarmUng
SHUFFLE SERENADE
22.11.26
Søndag 22. November
Kl. 15:30
Shuffle Serenade
Når du vakner og den fyrste tanken er ein melodi. Når den elektriske tannbørsten er stemt i E og hårfønaren går i hallingtakt. Når trappa blir eit dansestudio og bussturen ein undertrykt musikal. Når konsentrasjonen går i utakt og kjærleiken i moll. Da kan det være godt å vite at vi er fleire som har det slik.
Shuffle Serenade er ei forestilling av og med Signe Dorthea Gjessing og Nina Fjeldet, i samarbeid med regissør Sigrid Alnæs. Framsyninga er laga for unge vaksne frå 13 år og oppover. Dette er ein tjuge minutters smakebit på framsyninga som har premiere i 2027.
Besetning:
Nina Fjeldet
Signe Dorthea Krohn Gjessing

