Tid: laurdag 16. november kl. 10:00 - 13:00
Stad: Intimscenen
Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev FolkOrg stønad til heile 16 prosjekt fordelt på 9 av landets 15 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.
Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Det blir presentasjon frå FolkRekrutt Røros, Folkedansespor i skular i Sogn og Fjordane og Dansefolk i Bergen UL Ervingen, som er nokon av prosjekta som har fått rekrutteringsmidler frå Dextra Musica i 2024. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.
Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.
PÅMELDING GJENNOM FOLKORG SI NETTSIDE. Merk at seminaret har begrensa med plasser, så her er det førstemann til mølla som gjeld!
Seminaret er finansiert av Dextra Musica.
For spørsmål, ta gjerne kontakt:
Live Visdal
Rådgjevar i FolkOrg
live@folkorg.no
tlf. +47 97 41 55 15