Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Vis undersider
Fagseminar fredag  (6)

Rekande på ei fjøl – om skapande praksisar i spel, song og -dans.

14.11.25

Korleis formar dagens folkemusikarar og -dansarar nye uttrykk av gamle tradisjonar? Møt fire utøvarar som deler innsikt, tonar og steg – og inviterer deg inn i samtalen.

14. november
Kl. 11:00 - 15:15
Intimscenen

Rekande på ei fjøl – skapande praksisar i norsk folkemusikk og -dans

Huldra, nøkken og fanden sjølv har alle fått æra for mange av slåttane i den norske folkemusikktradisjonen. Ja, musikken har til og med kome rekande på ei fjøl... Men korleis er den skapande prosessen hos folkemusikarar og dansarar i dag? Kvar hentar dei inspirasjon? Kva element frå tradisjonsmusikken og -dansen får vere med inn i den kreative prosessen? Kva metode, rammer og premiss er tilstade? Dette og meir til vil vi setje lys på når fire av våre fremste tradisjonsutøvarar kjem for å dele ord, tonar og dans frå sin eigen skapande praksis. Du som deltar på seminaret er velkomen til å ta del i samtaler og stille spørsmål undervegs. 

Program:

Kl. 11.00          Opning

                        Innleiing ved Per Åsmund Omholt

Kl. 11.30          Presentasjon ved Øyonn Groven Myhren

Kl. 12.15          Presentasjon ved Bjørn Kåre Odde

Kl. 13.00          Felles lunsj

Kl. 13.45          Presentasjon ved Tuva Færden og Indra Lorentzen

Kl. 14.30          Presentasjon ved Erlend Apneseth

Kl. 15.15          Avslutning       


Innleiing ved Per Åsmund Omholt 
Å lage en slått er jo litt frekt nesten, veit du!

Innleiinga set søkelys på skapande praksisar i folkemusikk-Norge i dag. Presentasjonen byggjer på artikkelen: «Å lage en slått er jo litt frekt nesten, veit du!» frå 2024. Artikkelen er basert på djupneintervju med sju aktivt skapande folkemusikarar. I presentasjonen blir det bl.a. vist korleis ein kan skildre dei skapande praksisane gjennom fire kategoriar: Gjenskaping og forming, omskaping og arrangering, nyskaping i folkemusikk og nyskaping rundt folkemusikk.

Per Åsmund Omholt er professor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Universitetet i Sørøst-Norge på Rauland der han underviser i både teoretiske og praktiske disipliner. 


Øyonn Groven Myhren
Frå kaos til kosmos, og valets kvalar

  • Om ulike fasar i det skapande arbeidet, og publikum sin medskapande fantasi.

Øyonn Groven Myhren er ein av våre fremste utøvarar og formidlarar av den vokale tradisjonsmusikken. I denne presentasjonen vil ho ta oss med inn i dei ulike fasane i eit skapande arbeid, får det myldrande, boblande, til det strukturerte og definerte. Ho vil også vise oss korleis publikum kan spele inn på kunstnarlege val.


Bjørn Kåre Odde 
Med blanke ark og noteskrifter til...
 - Om folkemusikk som utgangspunkt for partiturbasert arrangering og komponering.

Bjørn Kåre Odde har sterke røter i den norske folkemusikktradisjonane, og er eit nytt ledd i ein lang familietradisjon med felespelarar. Han har utdanning frå Norges Musikkhøgskole og har sidan 2013 vore yrkesaktiv musikar og komponist. Bjørn Kåre har fått fleire priser for sine album og komposisjonar, mellom anna Folkelarmprisen for albumet Folk Chamber. Han vart kåra til Årets Folkemusikar i 2019.

Under seminaret vil han presentere korleis han jobbar med folkemusikk som utgangspunkt for partiturbasert arrangering og komponering i større og mindre besetningar. 


Tuva Færden og Indra Lorentzen
Nokre gongar skjer helt magiske kunstnarmøter 

- om arbeidet med førestillinga Entré Sorti

Tuva Færden, musikar, songar og dansar er utøvar og komponist, og Indra Lorentzen, dansekunstnar og koreograf, har regi og koreografi. Dei vil fortelje om deira ulike bakgrunnar og arbeidsmåtar, og korleis dei har samarbeida i en fruktbar prosess fram mot premiere.


Erlend Apneseth
Det opne rommet
-  å vere lydhøyr for det som faldar seg ut

Erlend Apneseth er av dei fremste skapande utøvarane våre på hardingfele. Med ei ope og lyttande tilnærming viskar han ut sjangergrenser og skapar musikk for små og store besetningar. I samtale med Gro Marie Svidal vil Apneseth vise frå arbeid han har gjort, og dele kva arbeidsmåtar og prosessar han nyttar. 


Seminaret er initiert av Gro Marie Svidal i samarbeid med FolkOrg og NOPA. Det er støtta av Sparebankstiftelsen og KOMP.

 

Språk Norsk - Norwegian