Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Fagseminar fredag [2]

Rekande på ei fjøl – om skapande praksisar i spel, song og -dans.

16.11.25

Korleis formar dagens folkemusikarar og -dansarar nye uttrykk av gamle tradisjonar? Møt fire utøvarar som deler innsikt, tonar og steg – og inviterer deg inn i samtalen.

14. november
Kl. 11:00 - 15:15
Intimscenen

Rekande på ei fjøl –  om skapande praksisar i spel, song og -dans.

Huldra, nøkken og fanden sjølv har alle fått æra for mange av slåttane i den norske folkemusikktradisjonen. Ja, musikken har til og med kome rekande på ei fjøl... Men korleis er den skapande prosessen hos folkemusikarar og dansarar i dag? Kvar hentar dei inspirasjon? Kva element frå tradisjonsmusikken og -dansen får vere med inn i den kreative prosessen? Kva metode, rammer og premiss er tilstade? Dette og meir til vil vi setje lys på når fire av våre fremste tradisjonsutøvarar kjem for å dele ord, tonar og dans frå sin eigen skapande praksis. Du som deltar på seminaret er velkomen til å ta del i samtaler og stille spørsmål undervegs. 

Plan for fagseminar: 

Kl. 11.00: Velkomen 
Kl. 11.05: Per Åsmund Omholt (skapande praksisar i folkemusikk)
Kl. 11.30: Øyonn Groven Myhren
Kl. 12.15: Bjørn Kåre Odde
Kl. 13.00: Felles lunsj
Kl. 13.45: Tuva Færden og Indra Lorentzen (Entré – Sortie)
Kl. 14.30: Erlend Apneseth
Kl. 15.15: Avslutning og oppsummering 

Seminaret «Rekande på ei fjøl – skapande praksisar i norsk folkemusikk og -dans» passar for folkemusikarar, dansarar, komponistar, arrangørar, studentar, lærarar og andre som er nysgjerrige på korleis dagens utøvarar hentar inspirasjon og utviklar nye uttrykk frå tradisjonen.

Seminaret er initiert av Gro Marie Svidal i samarbeid med FolkOrg og NOPA. Seminaret er støtta av Sparebankstiftelsen og KOMP

This seminar is only in Norwegian. 

 

Språk Norsk - Norwegian