Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Pedagogsamling

Lansering av kompetansehefte og pedagogsamling

15.11.25

Laurdag 15. november 
Kl. 10:00 - 11:00 
Klubbscenen 

Korleis kan vi rekruttere, engasjere og utvikle neste generasjon folkemusikkutøvarar og -formidlarar? 
Dette er noko av det vi skal ta for oss i seminaret, der det både blir presentasjon av nytt kompetansehefte og pedagogsamling med nettverksbygging.

Lansering og presentasjon av det nye kompetanseheftet for unge leiarar i folkemusikk, utvikla av Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland. Kultivator ved Mette Vårdal har hatt ansvar for utforminga av heftet. Vegar og Kristoffer har vore instruktørar i FolkOrg sitt rekrutteringsprosjekt FolkLeiarUng sidan oppstarten i 2021, og har sidan då utvikla metodiske og praktiske opplegg knytt til grunnleggande instruksjon i folkemusikk. Desse erfaringane har no blitt samla saman i eit kompetansehefte.

Kompetanseheftet gje innsikt i didaktiske perspektiv og konkrete undervisningsopplegg som har blitt utvikla gjennom prosjektet. Gjennom denne utgjevinga vert desse verktøya tilgjengelege for eit breiare publikum – til inspirasjon for unge leiarar, pedagogar, instruktørar og lag som ønskjer å engasjere ungdom og unge vaksne i sitt arbeid.

Pedagogsamlinga blir ein arena for fagleg påfyll, dialog og nettverksbygging. Her får deltakarane moglegheit til å diskutere utfordringar og moglegheiter i rekrutteringsarbeidet, dele erfaringar og utforske korleis vi i fellesskap kan løfte unge ressursar inn i det levande folkemusikk- og dansemiljøet. FolkOrg vil vere tilstade og ta i mot innspel til nettverk for instruktørar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans, og ressursside på nett knytt til dette.

Etter pedagogsamlinga går det rett over i FolkOrg sitt rekrutteringsseminar kl. 11.00 på same stad. Les meir om rekrutterinsseminaret her (lenkje).


Seminaret er finansiert av Dextra Musica.

 

 

Språk Norsk - Norwegian