Torsdag 14.november
kl. 11:30 - 12:45
Intimscena
Hardingfela har ein lang tradisjon for meister-/elevundervisning ein til ein, og har som andre instrument funne ein plass i dagens opplæringslandskap gjennom kulturskuler, seminar og høgare utdanning.
Korleis undervises det på hardingfele i dag, kva vektlegg ulike lærar i undervisninga og korleis gjev ein vidare ein tradisjon med djupe røter og stolte tradisjonar i dagens samfunn? Vi forsøker å bli klokare saman om status, utfordringar og moglegheiter innan hardingfeleundervisning.
Panelsamtale om hardingfeleundervisning med:
- Anne Hytta
- Tom Willy Rustad
- Jon Brodal
- Johanne Mjøs
Ordstyrar: Sivert Holmen
Seminaret er ein del av Norsk Folkemusikklag si haustsamling.
This seminar is in Norwegian.