Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Vis undersider
Barneprogram seminar

Korleis skape gode konsert- og festivalprogram for barn?

16.11.25

Barn møter musikk med openheit og nysgjerrigheit – men blir dei teke på alvor når festivalar og arrangørar set opp program? Mange festivalar og heilårsarrangørar har eit eige barneprogram eller ein konsert eller konsertserie med barn som målgruppe. Korleis kan ein få til best mogleg program for barna?

Påstand: Barneprogrammet på ein festival er ofte ei nedprioritert del av programmeringa, og blir ofte gjort ved at ein booker ei barneforestilling, og ferdig med det. Ofte fordi dette er noko ein meiner ein må ha, og som ser fint ut på søknadar. 

Kva kjenneteiknar eit godt barneprogram? Korleis kan ein unngå å undervurdera barn som publikum, og samtidig gi vaksne følgjespersonar sterke opplevingar? Kva grep gjer at musikken både formidlar kvalitet, respekt for tradisjon og opnar for mangfald?

Vi inviterer til samtale om korleis ein kan utvikla barneprogram som er meir enn «lett underhaldning» eller for å kunne krysse av for «barn som målgruppe» i ein søknadsportal. Vi ynskjer å belyse kva det er som skaper reelle møte med tradisjonsmusikken, inspirerer til nysgjerrigheit og byggjer framtidas publikum. 

I panelet har vi med oss erfarne arrangørar og utøvarar: 

  • Sølvi Lien - Førdefestivalen
  • Vegar Vårdal - Riksscenen og produsent på konsertserien LilleRiksen
  • Solveig Riiser – daglig leder i festivalen MiniØya 

Moderator: Margrethe Nordmoen – Folkemusikar og produsent i Valdres folkemusikkarrangement.

Dette seminaret er ein del av barne- og familiedagen FolkelarmUng, og er gratis og open for alle. 

Språk Norsk - Norwegian