×

☰ Meny
Karl Seglem, Foto Morten Lindborg - nettside

Karl Seglem

Torsdag kl 18:20 / 23:40

SHOWCASE:
Torsdag på Klubbscenen - NRK Folk:LAB kl. 18:20
Torsdag på Hovedscenen kl. 23:40

Sidan starten av karrieren, med band som Utla og Sogn-A-Song, har Karl Seglem kopla hardingfela med sin tenorsaksofon og seinare bukkehorn. Han har dei siste ti åra laga komponert ei rekkje tingingsverk og stått bak lydproduksjonar som har motteke overstrøymande kritikkar for nyskaping og innovativ samklang - Femstein, Urbs, Ossicles og Som spor, for å nemna nokre få. Karl Seglems musikk ligg i mange musikalske grenseland med ein heilt klar eigenart, eit særpreg han er heilt åleine om.

Ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem, har kritikarar sagt om han. Seglem er tildelt norsk jazz' høgste utmerking Buddyprisen, og er blitt nominert til Spellemannprisen i open klasse heile fem gonger. Og som han seier: «Sjanger er eigentleg ikkje så interessant lenger. Eg likar meir og meir å tenkja på det som moderne musikk på min måte.»

Eit nytt album er ute: «Nunatak», og Europa-turneen startar på Folkelarm. Seglem lovar fullt aus frå første tone, med ein kraftfull septett med eineståande medmusikantar som gler seg til å spela saman på Folkelarm for første gong.



Karl Seglem er:
Karl Seglem - ten.sax, bukkehorn, vokal
Håkon Høgemo - hardingfele
Sigrid Moldestad - hardingfele, vokal
Lars Jakob Rudjord - keyboard
Andreas Ulvo - piano, keyboard
Hallvard Gaardlaus - bass
Kåre Opheim - trommer


Kontaktinformasjon:
Karl Seglem
karl@karlseglem.no

 

Web: www.karlseglem.no

Spotify: https://spoti.fi/2l5payc

Bestille plater: https://bit.ly/2KBlJtu

 

Karl Seglem, Foto Morten Lindborg - nettside_800x338.png

Foto: Morten Lindborg

 


SamspillMøst logoOslo kommune logo