Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Frivillig på Folkelarm 2026

På Folkelarm treng vi hjelp av engasjerte folk som vil bidra til at festivalen vår opplevast som ein god og inkluderande møteplass for alle involverte. Bli med for å oppleva Folkelarm frå innsida!

 

Infoskranke
Infoskranka er gjerne det første folk møter når dei kjem på Folkelarm. Vi treng imøtekommande og serviceinnstilte folk til å ta imot artistar, delegatar, publikummarar og seminardeltakarar. I infoskranka sit du alltid saman med ein FolkOrg-tilsett og det finns instruksar på arbeidsoppgåvene du får tildelt. I rolege perioder kan den frivillige i infoskanka bli satt til andre, praktiske oppgåver under festivalen, som til dømes rigging, rydding og anna.

Vertskap i lavvoen
Som vertskap i lavvoen har du det overornda ansvaret for programmet, til dømes ha oversikt over at artistar er på plass til rett tid, introduserer dei ulike artistane og halde liv i bålet. 

Backstage/scene-ansvarleg
Som backstage-ansvarleg har du ansvaret for å tildele garderober til artistar, rydde, fylle på med drikke og snacks og passe på at artistane rydder garderobene etter konserten slik at det blir plass til neste gruppe/artist. Du skal vere behjelpelig med teknisk omrigg på dei ulike scenene. 

Dansespelansvarleg
Som dansespelansvarleg introduserer du nye artistar på scena og har kontroll på at neste musikar/gruppe er klare bak scena når det nærmar seg byte. Du ryddar også backstage klar til neste dag. 

Sosiale medier
Vi har ein eigen Snapchat-konto, i tillegg til Facebook- og Instagram-kontoar som vi ønskjer å fylle med positivt innhald frå Folkelarm. Vi treng frivillige som har lyst til å bidra med innhald som kan delast i dei sosiale media-kanalane våre.

FolkelarmUng – sundag
FolkelarmUng er ein festival i festivalen for barn og unge. Han går av stabelen sundag 22. november, og vi treng frivillige som kan vere vertskap, vere med på å pynte, gjennomføre aktivitetar og rigge ned når alt er ferdig.

Vilkår
1 frivilligvakt er på 4 timar og gir gratis inngang den aktuelle dagen og kvelden. Arbeid i forkant og sundag av Folkelarm: dagpass til valfri dag.
2 frivilligvakter eller fleire gir gratis festivalpass torsdag - sundag, og matbongar dei aktuelle dagane. For å få festivalpass må du ha jobba minimum 8 timar. 

Fyll ut skjemaet under for å registrere deg som frivillig. Ta kontakt om du har spørsmål!

Ingeborg Ulberg Sommer
ingeborg@folkorg.no 

Eller kontakt Ann Helen Erichsen, prosjektleiar for Folkelarm: annhelen@folkorg.no 

Kor mange vakter ønskjer du?*
Eg vil helst arbeide med:*
Kryss gjerne av for fleire alternativ
Kva for tidspunkt kan du bidra?*
Kryss gjerne av for fleire alternativ. Du vil ikkje bli sett opp på fleire vakter enn du har ønska.
Har du spesielle ønsker, behov for tilrettelegging eller anna?
Lagring av kontaktinformasjon*
Vi treng å lagre kontaktinformasjonen din til etter Folkelarm 2026 er ferdig, inkl. etterarbeid. Vi vil ikkje nytte informasjonen din til noko som ikkje har med frivilligarbeid for Folkelarm å gjere.
Språk Norsk - Norwegian