Vinnaren i klassa «tradisjonelt samspel» sett slåttespelet i høgsetet. Dei har stor kunnskap om og kjærleik for musikken i sitt tradisjonsområde. Utøvarane viser kjeldene sine stor respekt gjennom god tradisjonsforståing, og eit solid utøvande handtverk. Samspelet er organisk, men samtidig gjennomtenkt, og viser at musikarane har lagt ned eit grundig arbeid med sin produksjon. Plata består tradisjonelle bygdedans- og runddansslåttar frå musikarane sitt eige tradisjonsområde. Felespel står i sentrum, og etter 30 års erfaring som gruppe er det tid for eit heilstøpt debutalbum frå vinnarane i tradisjonelt samspel: Tufskrøkjun med plata «Nordavind». 

Dei nominerte i tradisjonelt samspel er: 
Egeland / Marin - Farvel, farvel - plateselskap Taragot sounds
Lillebo & Stubsveen - Engerdal - plateselskap ta:lik
Nordic Fiddlers Block - Bonfrost - plateselskap NFB Records
Tufskrøkjun - Nordavind - plateselskap ta:lik 

 

Tufskrøkjun_nordavind[1].png

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingressbildet: Astrid Sulheim, fotograf Knut Utler