Det var fullsatt sal da FolkOrg inviterte til årets utdeling av Folkelarmprisen torsdag kveld! Folkelarmprisene deles ut hvert år under Folkelarm, og markerer også åpninga av bransjetreffet for nordisk folkemusikk og dans på Riksscenen. Statssekretær Even Aleksander Hagen stod for den offisielle åpninga av Folkelarm 2023.
BENEDICTE MAURSETH ER ÅRETS FOLKEMUSIKER!
Årets folkemusikar 2023 har gjennom mange år markert seg som musikar, komponist og forfattar. Med folkemusikken som kjerne, er ikkje vinnaren redd for å gå inn i nye felt, anten det er nye sjangrar musikalsk eller nye arbeidsformer. Vinnaren har ei evne til stadig å vere i endring og klarer å byggje solide kunstnariske prosjekt som står seg over tid. Dei siste åra har vinnaren både spelt inn hardingfeleslåttar frå heimtraktene sine, og samstundes skrive og framført ny musikk for Ultimafestivalen. I tillegg til dette har ho gjort eit stort pionerarbeid som forfattar, ved å skrive ei bok som tek føre seg ein viktig og gløymd del av den norske folkemusikksoga. Årevis med hardt bakgrunnsarbeid har ført til ei bok om dei kvinnelege felsepelarane, og ein CD der årets folkemusikar sjølv har vore redaktør og gjort eit utval for å syne ulike kvinnelege utøvarar. Prismottakaren er ein person som alltid ønsker å komme djupare ned i materien, både i historia og i musikken. Alt ho driv med har kvalitet i alle ledd, og me kan berre tenkje oss alt denne personen har i vente.
FEM PLATEPRISER!
Under årets prisutdeling deles det ut fem platepriser, og i tillegg Årets folkemusiker, Årets folkemusikkarrangør og Årets folkemusikkfotografi.
Vinner i kategori SOLO
Mari Midtli og Astrid Sulheim - Skunde deg, jente.
Plateselskap: Melovitten
Vinnaren av denne klassa syner god kvalitet og stilforståing og er trygt forankra i tradisjonen sin. Plata har ein raud tråd som viser fram ein viktig del av historia. Med ei heilt eiga formidlingsevne speler og syng dei to utøvarane historiene om kvinnene frå heimtraktene sine. Vekslinga mellom felespel og vokal fungerer veldig bra, og slåttane og songane dei har plukka ut er med på å skape eit heilt bilde av kvardagen til kvinnene frå dalen. Utøvarane har mykje på hjartet, og spelet og songen deira er noko ein berre vil og må lytte til.
Kenneth Lien og Center of the Universe - Snu hver stein.
Plateselskap: Ta:lik
Dette er eit sjangeroverskridande album me ikkje har høyrd maken til. I eit unikt samarbeid, der ingen av sjangrane lid, men heller er med på å styrke kvarandre, viser utøvarane at folkemusikken er grenselaus. Fleire ulike instrument og tradisjonar blir synt fram på denne utgjevinga, alle meistra på beste vis. Dette er ei plate juryen trur kan vere ein døropnar for mange som er nysgjerrige på folkemusikk, samtidig som den fell i smak hos dei hardbarka folkemusikkjennarane. Bruksområdet for musikken er stort og dette kan nå langt utanfor landegrensene og folkemusikkretsane.
Vinner i kategori Dansespel
Madam Jam - van danse
Plateselskap: Melovitten
I denne kategorien er det viktig at vinnarplata skal gje deg lyst til å danse. Det gjer vinnaren her, i ei innspeling som osar av speleglede, overskot og god energi. Både dei nye og gamle komposisjonane plata er spekka med, er alle leikent arrangert og pakka inn. Besetninga er med på å tilføre nye lydar til gammaldansen, og stilblandinga er forfriskande. Likevel er det den gode melodien som er i førarsetet her, og plata eggjer opp til fest.
Vinner i kategori Tradisjonelt samspel
Atterljomen - Sjå ut
Plateselskao: Melovitten
Med slåttespel på høgt nivå i eit gnistrande samspel, er vinnaren av tradisjonelt samspel med på både å fornye og ta vare på ein av dei store feletradisjonane i landet. Vinnarane er alle sterke solistar, men like fullt er dei i samspelet med på å lyfte kvarandre endå eitt hakk. I tillegg til å vere musikalsk suverene, har vinnarane også gjort eit solid arbeid med å velje ut tekster av lokale forfattarar som står til kvar av slåttane på plata. Totalen er ein heilstøpt produksjon på alle vis.
Vinner i kategori Dokumentasjon
Hauk Buen – Men så kom Hauk Buen
Plateselskap: Ta:lik
Eit nøye utval slåttar frå ein viktig utøvar er her gjort lett tilgjengeleg. Lyden er godt bearbeidd og ein blir lett drege inn i det gode spelet. Den tilhøyrande boka fortel ei viktig og innhaldsrik spelemannshistorie og gjer det totale produktet til eit praktverk som hardingfelespelarar og andre folkemusikkinteresserte i alle generasjonar vil ha glede av.
Årets folkemusikkarrangør er: TELEMARKFESTIVALEN
Prisen for Årets folkemusikkarrangør ble tildelt Telemarkfestivalen
Årets folkemusikkarrangør starta opp i 1990 som ein internasjonal folkemusikkfestival, og har sidan den gong vore både ein formidlar av tradisjonsmusikk og ein formidlar av nye kunst- og musikkuttrykk. Festivalen har ein lang tradisjon for tingingsverk og nyproduksjonar, og til festivalen i 2023 hadde dei to nye tingingsverk og heile 7 nye konsertproduksjonar. Festivalprogrammet i 2023 inneheldt 25 arrangement med høg musikalsk kvalitet og bredde – med både lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar.
Årets folkemusikkfotografi er fotografert av Knut Utler
I løpet av året blir det tatt mange flotte fotografier på de mange folkemusikkarrangementene, festivalene, treffene og andre møteplasser rundt om kring i hele landet. Under Folkelarmprisen trekker vi frem tre nominerte av innsendte bidrag hvor det ene blir kåret til Årets folkemusikkfotografi.
Om Folkelarmprisen
Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards) er folkemusikkens og verdensmusikkens egen platepris, som har vært en viktig del av Folkelarm siden starten i 2005. Folkelarmprisen er åpen for alle originale album i sjangeren folkemusikk og verdensmusikk utgitt i Norge i tidsrommet 31. august 2022 til 1. september 2023.
Om Folkelarm
Folkelarm er en showcasefestival og møteplass for alle som jobber med og for folkemusikk/tradisjonsmusikk i de nordiske landene.
Hovedmålet med Folkelarm er å markedsføre og eksportere folkemusikkartister. Artister fra hele Norden kan søke om å spille showcase på Folkelarm, og en jury plukker ut artistene etter et sett med kriterier bestemt av styringsgruppen til Folkelarm. Juryen ser blant annet etter kvaliteter som gjør at artistene er interessante for et internasjonalt marked.
I tillegg til konsertene er Folkelarm en møteplass for norsk og utenlandsk musikkbransje. De siste årene har Folkelarm samlet internasjonale delegater fra mange land, og en stor mengde norske delegater. Folkelarm arrangerer seminar og workshops, samt egne arrangement tilrettelagt for bransjeaktørene.
Rekordhøy påmelding
Mer enn 170 arister søkte om å få holde showcasekonsert på Folkelarm i år slik at årets jury bestående av Karl Seglem, Terje Foshaug og Gro Rattama fikk en vanskelig oppgave.
Årets artister spenner fra den klassiske hardingfelespilleren til helt nye grenseoverskridende moderne musikkutrykk, der den tradisjonelle folkemusikken står side om side med elektronika og klassiske uttrykk Se alle artistene her.