FOLKELARMPRISEN DANSESPEL
Vinnarane av klassa for dansespel er ein gjeng som verkeleg har sett spor etter seg i sjangeren over mange år. Den leikne og til tider virtuose måten dei framføre dansemusikken på, er til inspirasjon for mange folkemusikarar i Noreg i dag.
Dei er kjenneteikna av glitrande samspel og ein kompromisslaus måte å tilnærma seg tradisjonen på. Som tilhøyrar får ein oppleve at det både rykkjer i dansefoten samtidig som ein like fult kan sitte i ro i eit hjørne og berre nyte musikken.
FOLKELARMPRISEN I KATEGORI DANSESPEL går til plata:
TUR med Over Stok og Steen.
Plateselskap: Kultursmia
FOLKELARMPRISEN DOKUMENTASJON
Denne dokumentasjonen er bunnsolid produsert, og er svært viktig for arbeidet med å ta vare på legendene i den respektive tradisjonen. Her finner man alle soloinnspillingene til spelemannen, og repertoaret er både hans egne melodier, kontinentale slagere, og musikk av Østerdalskomponister som Oluf Melvold, Severin Jevnager m.fl. Den viktige jobben Aksent Plateselskap har gjort for å dokumentere trekkspillmusikk fra en svunnen tid er gull verdt og svært viktig for trekkspill- og folkemusikkhistorien.
De må nevnes at de fleste opptakene av spelemannen fra Rendalen er over 100 år gamle! Ansvarlig for lydrestaureringen er Audun Strype, og produsenten er ein svært god trekkspelar i vår samtid.
FOLKELARMPRISEN I KATEGORI DOKUMENTASJON går til plata:
Ottar E. Akre - soloinnspillinger
Plateselskap: Aksent Plateselskap
FOLKELARMPRISEN TRADISJONELT SAMSPILL
Vinnarutgjevinga i klassen for tradisjonelt samspel er musikarar som står med beina trygt i tradisjonen og samtidig evnar å være nyskapande på en slik måte at dei lyftar tradisjonelt samspel til eit nytt nivå.
Albumet er heilheitleg, gjennomarbeida og oser av stilsikkerheit, presisjon og kraft. Med stor leikenheit, oppfinnsamheit og tryggheit arrangeras slåttemusikken og pregas av kvar enkelt musikars unike uttrykk. Saman skaper dei eit unikt musikalsk rom, der dei med sine feler og stemmer grip tak i dei tradisjonelle hardingfeleslåttane, leiker seg med former, motiv og klanger på ein elegant og kreativ måte som imponerte juryen. Albumet løfter fram hardingfeleslåttanes ibuende kvaliteter og opnar opp det musikalske landskapet, stilsikkert og gripande!
FOLKELARMPRISEN I KATEGORI TRADISJONELT SAMSPEL går til plata:
Hitterdal med Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden
Plateselskap: Ta:lik
FOLKELARMPRISEN SOLO
Årets vinnar av Folkelarmprisen i solo kategorien kom dalende frå det blå og, kan ein seie, tok juryen med storm. Ein ung utøvar har levert eit modent og dypsindig produkt, og viser sin grundigheit og musikalitet gjennom heile plata. Dei tekniske ferdigheitene hjå denne modige debutanten er udiskutable, med heftig danserytme og briljant klang; men det er ikkje kun ferdigheitene som har vippa resultatet i hennnar favør. Leikenhet, følsomheit og humor var med på å overbevise jurymedlemmane, og det vart blant annet sagt i juryen at dette verket vil verta ståande som referanseverk på feltet, kanskje i dei neste femti år! Og sjølv med et så begrensa instrumentarium som kun stemme og fottramp, virkar plata variert og allsidig. Vinnaren har, ikkje berre med sin eigen fortreffelige musikkutøvelse på denne plata, men ho har og lagt ned eit stort arbeid med å gjenopplive arkivmateriale og gamle opptak. Ho viser fram ein tradisjon som har levd litt skjult, og publikum vil få ei ny oppleving ved å lytte på det fantastiske materialet som har vore bruk i hennar heimeområde
FOLKELARMPRISEN I KATEGORI SOLO går til plata:
”Hjemvé” med Synnøve Brøndbo Plassen
Plateselskap: Heilo
FOLKELARMPRISEN ÅPEN KLASSE
Årets vinnar av Folkelarmprisen i kategori åpen klasse er eit album som slår deg av beina – nesten frå første augeblikk! Ein dristig og kapabel musiker står i spissen for dette levande og medrivende samspelet. Ikkje berre som bidragsyter på to ulike instrument, men og som komponist for alle låtene. Musikken er fort og sakte, feiende og melankolsk, lattermildt leiken nokon stader og langsomt undrande andre stader; det er vals og vise, marsj og polka og mykje meir – og heile vegen i raffinerte og gjennomtenkte arrangementer der medmusikarane får boltre seg saman med solisten. Skjønnheta i kvar einaste komposisjon blir hjulpe vidare av glimrende lyd og ein prikkfri produksjon. Eit lødig og allsidig album, som kjem til å sette spor etter seg og ikkje minst bli teke i bruk av andre musikare!
FOLKELARMPRISEN I KATEGORI ÅPEN KLASSE går til plata:
Folk Chamber av og med Bjørn Kåre Odde
Plateselskap: Melovitten
Foto: Anders Lillebo