×

☰ Meny
Fivil, Foto Idun Emilia Lervikroesen - nettside

Fivil

Fredag kl 17:00 / kl. 19:00

SHOWCASE:
Fredag på Intimscenen kl. 17:00
Fredag på Klubbscenen NRK Folk:LAB kl. 19:00

Fivil er Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Vokalduoen tek utgangspunkt i sine respektive folkesongtradisjonar og sine to ulike stemmer, og skapar eit uttrykk i lag der dei vev melodilinjer og historier i kvarandre, trallar tostemt og tek publikum med frå dansegolv til vogge. Fivil ga ut sitt debutalbum på NorCD i 2015, og har dei siste to åra gjort over 200 konsertar for Rikskonsertene.

I 2018 kjem dei med eit nytt prosjekt i høve 200-årsjubileet for diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Duoen har vald ut sine favorittar blant dei vakre, varme og skarpsindige tekstane til Vinje og arrangert dei med gamle og nye melodiar i særprega Fivil-stil. Konserten tek ei reise gjennom siste del av livet til vandraren Aasmund, då han etter mange omflakkande år finn sin store kjærleik og opplever ei kort og intens lukke. I konserten har Aasmund og Rosa fått sin eigen, nykomponerte bruremarsj, og tonesettingar av kjende dikt som «Tyteberet» og «Den dag kjem aldri» er sjølvsagt med.



Fivil er:
Kirsti Bakken Kristiansen - song
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - song

 

Kontaktinformasjon:
Ingebjørg L. Reinholdt
fivilmusic@gmail.com


Web: http://www.fivil.no/

Spotify: https://open.spotify.com/album/1BDOCgiT6Q3Wis27tFgEPb?si=vhu8PYfTSv-vCfApPM5mtQ

YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=Ptrc9Lmjrf0
 

Fivil, Foto Idun Emilia Lervikroesen - nettside_800x338.png

Foto: Idun Emilia Lervik

 


 

SamspillOslo kommune logoMøst logo