FAGSEMINAR - Lytt, spel, sjå, sviv
19.11.26Et fagseminar om rytme, tonalitet, tolking og framføring i folkemusikk og folkedans

Lytt, spel, sjå, sviv
- Rytme, tonalitet, tolking og framføring i folkemusikk og folkedans
Lytt, spel, sjå, sviv er ei seminarrekke om rytme, tonalitet og interpretasjon i folkemusikk og folkedans. Gjennom foredrag, demonstrasjonar og praktisk utforsking undersøker vi korleis tradisjonsmusikken og dansen kan forståast, formidlast og vidareutviklast i møte med nye perspektiv, verktøy og teknologiar.
Kva skjer når ein slått blir omsett til modulærsynt? Korleis kan digitale verktøy utforske folkemusikken sine særmerkte rytmiske og tonale kvalitetar? Og kva kan vi oppdage når samspelet mellom dans og musikk blir utforska gjennom ny teknologi? Lytt, spel, sjå, sviv inviterer til fagleg refleksjon, praktisk utprøving og nye møte med den levande tradisjonen vår.
Program:
Kl. 12:00 «Frå slått til synth» med Egil Kalman
Kl. 13:00 «Svev og Sviv» med Hans Martin Sognefest Austestad 14:00
Kl. 14:00 «Høyre dans, sjå musikk» med Olof Misgeld, Ami Dregelid og Andreas Berchtold
«Frå slått til synth»
Kva moglegheiter og avgrensingar ligg i omsetjinga av slåttar til elektronisk instrument? Korleis skape dynamisk driv på synth? Og korleis kan slåttespelet sin karakteristiske klangfarge og intonasjon ivaretakast? Gjennom praktiske eksempel på teknikkar og løysingar, tek Egil Kalman oss med inn i si tilnærming til å spele folkemusikk på modulær synthesizer. Kalman vil også gje nokre historiske og samtidige eksempel på annan elektronisk musikk som tolkar folkemusikk på ulike måtar.
Egil Kalman er musikar og komponist, med kontrabass og modulærsynth som sentrale instrument. I arbeidet sitt utforskar han møtet mellom skandinavisk folkemusikk, improvisasjon og elektronisk musikk, og har mellom anna utvikla eit særprega uttrykk der tradisjonelle slåttar blir overførte til modulærsynth.
«Svev og Sviv»
Då Hans Martin Sognefest Austestad hausten 2024 vart sendt på omskoleringskurs i koding, tok han med seg over 20 års erfaring som musikar, komponist, produsent og musikkpedagog. Møtet mellom folkemusikk, programutvikling og generativ KI som kreativt verktøy har sidan ført til utviklinga av ei veksande rekke spesialiserte musikkapplikasjonar. Svev er ein reinstemmings-app i Eivind Groven si ånd, utvikla for å analysere og etterlikne tonaliteten i eit lydopptak. Sviv er ein asymmetrisk takt-metronom som kan brukast til å analysere slaglengder, programmere folkemusikalske bassgangar og gjere noteskrivingsprogram i stand til å tolke ujamne telespringar-versjonar.
I denne presentasjonen vil Austestad kvede og spele banjo saman med sine eigenutvikla folkemusikk-appar, fortelje om korleis dei blei til, demonstrere kva dei kan brukast til, og opne for spørsmål frå publikum.
«Høyre dans, sjå musikk»
Korleis høyrest ein svikt ut? Korleis ser ein frasen når den snur?
«Ein kan høyre i musikken det ein ser i dansen», sa den svenske felespelaren Röjås Jonas.
I denne workshopen får du oppleve, prøve ut og samtale om samspel mellom musikk og dans saman med spelmannen Olof Misgeld og dansarane Ami Dregelid og Andreas Berchtold. Med utgangspunkt i Misgeld sitt nyleg avslutta doktorgradsprosjekt om spel til dans, «Music-Dance Mediations», går vi djupare inn i opplevinga av samspel og samdans ved hjelp av rørsleopptak (Motion Capture), sonifisering og visualisering av rørsle.
Seminaret er utarbeidd av Gro Marie Svidal og vert gjennomført i samarbeid mellom Svidal og Folkelarm/FolkOrg og med økonomisk støtte frå FFUK og KOMP.

