Fredag 15.november
kl. 11:00 - 15:15
Intimscenen

Improvisasjon i spel, song og dans. 

Eit knippe utøvarar deler med seg av praksisen sin, tankane og erfaringane sine frå utøving og skapande arbeid i solo og samspel. Du som deltakar er velkomen til å ta del i samtaler og stille spørsmål under dei ulike programpunkta.  
 

Unni Løvlid og Marianne Baudouin Lie:

Improvisasjon i det solistiske, gehørbasert samspel, og i møte med partitur 
 
Marianne Baudouin Lie og Unni Løvlid har samarbeidd over fleire år. I denne presentasjonen vil dei gå inn i korleis dei brukar improvisasjon som metode for å utvikle samspel, utforske eller fortolke verk, og for å utvikle meir musikk.

 

Anne Hytta og Ulrik Ibsen Thorsrud:

Den fabulerande slåttespelaren
Korleis kan vi med inngåande kjennskap til slåttespelet lytte med nye øyre og opne opp for andre tilnærmingar til det vi høyrer? Korleis kan vi finne tilbake til ei fri, innfallsrik framføring av slåttespelet?
 
Dette er tema Anne vil snakke om og spele rundt. Perkusjonist Ulrik Ibsen Thorsrud, som Anne har spelt med i ei årrekke, er også med, og saman spelar dei drivande, repetitive slåttefabuleringar.
 

Anders Røine og Reolô:

Kva er improvisasjon?
Når er det improvisasjon?
Kven improviserer og kvifor?
 
Folkemusikken sin improvisatoriske natur faldar seg ut i eit bredt spekter av uttrykk. Den spenner frå den enkelte si tilpassing til uføreseielege musikalske element, til avanserte og komplekse former for improvisasjon. Dette vil Anders Røine saman med Reôlo belyse når dei viser korleis og kvifor dei nyttar improvisasjon i solo og samspel. 

 

Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen:

Improvisasjon som metode for skaping av materiale. 
 
Til danseforestillinga Óme nytta Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen ulike improvisasjonsmetodar for å skape rørsle, lyd, lytting og samanfletting av musikk og dans. Under presentasjonen deler dei frå prosessen og viser utdrag frå forestillinga. 
 

 
Arrangementet er støtta av FFUK og er eit samarbeid mellom FolkOrg og Gro Marie Svidal.
Med seminaret ønskjer FolkOrg å skape ein arena der sjangerspesifikke kunstfaglege problemstillingar vert sett i fokus, og der praksis og erfaringar kan bli delt. Målsetjinga er at deltakarane skal kunne utvide forståingsrammer, bli inspirerte og tileigne seg ny kunnskap gjennom å dele med kvarandre. 
 
Tidsplan:
 
11.00: Velkomen og info 
11.15: Anders Røine og Reolô
11.45: Anne Hytta og Ulrik Ibsen Thorsrud
12.15: Lunsj
13.00: Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen
13:30: Unni Løvlid og Marianne Baudouin Lie
14.00: Panelsamtale moderert av Njål Ølnes og oppsummering
15.15: Slutt