Seks av dei mest lovande, unge folkemusikarane er nå plukka ut etter ein søknads- og juryeringsprosess og får delta i Introfolk 2024. Det er Martin Steinum Brun (Vågå), Vera Sonne (Oslo), Andrea Søgnen (Gol), Åsmund A. Farstad (Volda), Amalie K. Tvilde (Kinsarvik) og Trygve Liahagen (Ottestad). Utover hausten skal deltakarane samlast både digitalt og fysisk for mentorsamlingar, og under Folkelarm 14. november blir finalekonserten der Årets unge folkemusikar kårast gjennomført.
- Søkjarane i år viste stor breidd og hadde eit veldig høgt kunstnarisk nivå. Me gler oss til å følgja utviklinga til deltakarane i Introfolk, og er sikre på at programmet vil gi dei nokre verktøy som dei treng for å kunna leva profesjonelt av folkemusikken, seier Ådne Geicke Kolbjørnshus på vegne av juryen. Årets jury bestod av Sølvi Lien, festivaldirektør Ådne Geicke Kolbjørnshus, dansar og koreograf, og Helene Dolve Broch, seniorrådgjevar Music Norway.
Lanseringa av Årets unge folkemusikar 2024 skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. Artisten får ein konsert- og festivalturné i Noreg i 2025 og eit tilrettelagt mentorprogram som blir laga i samarbeid med musikarane sjølv. Mentorprogrammet blir lagt opp etter ønska og behova til musikarane, og kan innehalda mellom anna møte med bransjeaktørar for ein introduksjon til livet som profesjonell musikar, tilrettelegging av møteplassar og nettverksbygging og dessutan opplegg for kunstnarisk utvikling.
FolkOrg gjennomførar Introfolk annakvart år og har tidlegare samarbeida med Rikskonsertene og GRAMO om programmet. Tidligare vinnarar av INTRO-folk er: Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018) Sigrid Stubsveen (2020) og Eir Vatn Strøm (2022).
Presentasjon av årets artistar:
Amalie Kinsarvik Tvilde, Kinsarvik ( 25 år) Durspel
Amalie Kinsarvik Tvilde er ei av dei fremste utøvarane på durspel i Norge. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen.
Som durspelar har Tvilde allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte.
Tvilde har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest.
Andrea Søgnen, Gol (23 år) langeleik
Andrea er en av landets fremste langeleikutøvere med repertoar fra Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på langeleikens klangmuligheter, groove og strøkbruk baner hennes særegne spillestil vei for nye uttrykk innenfor langeleikspillet.
Hennes store interesse for overføring av låtter fra hardingfele og kveding, samt videreføring av de eldste notenedskriftene på langeleik, gjør Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å være soloutøver, blir hun hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans.
Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovedinstrument, en grad hun fullførte ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland i 2023. Hun har videreutdanning innen Kulturledelse, og studerer Kultur og kommunikasjon ved UiO for å danne et godt grunnlag for langsiktig og bærekraftig karriere innen folkemusikk og folkedans, samtidig som hun utvider sitt nettverk og får en dypere forståelse av bransjen.
Martin Steinum Brun, Vågå (25 år) folkesong
Som songar har Martin verka innan både klassiske og folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble. Etter ei
klassisk skolering ved Griegakademiet i Bergen, tek han no ein bachelor innan utøvande folkemusikk på Norges Musikkhøgskole. Nyfiken på å vidareformidle sin lokaltradisjon frå Nord-Gudbrandsdalen er han uredd for å utforske materialets plass i nye konstelasjonar.
Brun er aktiv innan fleire prosjekt, til dels vokaltrioen Rakkarpakk som våren 2023 fortset konsertserien KVADBAD dei utarbeida saman med Oslo Badstuforening i 2022. Andre aktuelle prosjekt er hans tolking av Draumkvedet, (framførast saman med organist Vemund Olav Aukrust i mars 2023) og Så song'o for vokalensemblet GAEA (arrangement for vokalensemble, framførast våren 2024).
Brun mottok i 2012 Drømmestipendet og vart i 2019 tildelt kulturstipend frå Vågå kommune. I 2024 mottok Martin Talentstipendet til Peer Gynt AS.
Trygve Liahagen, Ottestad (23 år) fele/hardingfele
Trygve Liahagen (f. 2001) er musiker og komponist fra Ottestad. Han er solo-utøver, solist og ensemblemusiker. Liahagen bærer og bryter tradisjon, og er en ivrig improvisatør. Lekent, søkende og friskt er ord som kan beskrive hans kunstnerskap.
Som åtteåring begynte han å spille fele med Marit Westling som lærer, frem til han begynte på landslinja i folkemusikk på Vinstra VGS i 2017, med Vegar Vårdal som hovedlærer. Juni 2024 ble han ferdig med sin Bachelor i Utøvende Folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole (NMH), med Andreas Bjørkås som hovedinstrumentlærer. På NMH har han også hatt undervisning med profiler som Håkon Høgemo, Knut Buen, Unni Løvlid, Erlend Skomsvoll, Helge Sunde, Henning Kraggerud og Bjarne Magnus Jenssen. Nå tar han en videreutdanning i komposisjon, også ved NMH.
Siden 15-16 årsalderen har han som utøver dratt i flere kunstneriske retninger parallelt, hvor folkemusikk og rytmisk/improvisert musikk har vært kjernen.
Folkemusikken og dens ulike levende retninger er grunnmuren i hans musikalitet, noe som tydelig videreføres i samtlige musikalske kontekster, og bidrar til at Liahagen oppleves som en dynamisk og reaktiv musiker.
Komposisjon og arrangering står også sentralt i hans kunstnerskap, der han blant annet har skrevet et arrangement for Det Norske Kammerorkester og bestillingsverk for Riksscenens konsept "Fridans". Han har og skrevet musikk som er fremført på blant annet Førdefestivalen og FolkOrg sitt 100-årsjubileum.
Liahagen har de siste årene markert seg som en av Norges fremste unge utøvere på fele. For spillet sitt har han vunnet Fele klasse B på Landskappleiken i både 2022 og 2023, og blitt tildelt Øivind Berghs Minnepris (2023), der han kvitterte for prisen ved å være solist med Kringkastingsorkesteret (KORK). Senest har han blitt plukket ut av Stiftelsen Hilmar Alexandersen til å bære tittelen Hilmartalentet 2024-2026.
Åsmund Arnesen Farstad, Volda (22 år) fele/hardingfele
Åsmund A. Farstad har røtter og hovudverke i tradisjonsmusikken på Nordvestlandet, med Sunnmøre og Nordfjord som sine kjærneområder. Åsmund har dykka inn i musikken frå dei gamle kjeldene og jobbar med det eldste stoffet ein finn frå området. Gjennom munnleg lære, notar og med arkivopptak har han henta ut musikk som få har høyrt. Musikken er mangfoldig og strekkjer seg frå det friske, raske og kraftige dansespelet, til det såre og rolege salme og lyarspelet.
Åsmund er ein alsidig musikar som hentar inspirasjon frå andre sjangre og er aktiv i fleire musikalske prosjekt, som til dømes folkrockbandet “Kjeltring” og gamaldansgruppa “Farstad og Farstad”
Vera Sonne, Oslo (22 år) folkesong
Vera er folkesongar og låtskrivar. Tradisjonsmusikk og improvisasjon er hjørnesteinar i Veras musikalske identitet, og utrykket hennar ligg i spennet mellom det veldig tradisjonelle og det veldig moderne. Som låtskrivar og improviserande musikar ser ho etter moglegheitene som ligg i bestanddelane av folkemusikken, som folkemusikar vil ho læra, bevara og læra bort i tråd med gongen til tradisjonen.
Vera har vore med å starte ensemblene «Rakkarpakk» og «Pumpegris» som gjer det godt innanfor folkemusikken. Ho ønskjer no å fokusera meir på soloutrykket. I hennar siste prosjekt, Oslosanger, tek ho i bruk musikken frå Oslo. Alt frå skillingsviser til klappeleikar og balladar skal opp og frami dagens lys. Ho fokuserer på tekst, humor og dansbarhet i uttrykket sitt, og det stygge og det vakre, det vesle og det store skal med for å visa tradisjonen frå byen som rommar så mange ulike perspektiv og lagnader.