Showcase lørdag 16. november
kl. 21:30 - 22:00
Hovedscenen
Bjørn Kåre Odde & Espen Wensaas (Norge)
Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde har dei fire siste åra jobba med å raffinere og utvikle samspelet mellom gitar og fele, der den tradisjonelle slåttemusikken frå Gudbrandsdalen står sentralt. Utgangspunktet er enkle, men effektfulle arrangementsmetodar som byggjer opp under originaliteten til kvar slått. Det er ujålete, rett fram og dansbart, og begge instrumenta er likeverdige. Deira fyrste plate, Lilleslåtter frå 2022, vart nominert til Folkelarmprisen i klassa Tradisjonelt samspel. I 2025 kjem dei med nytt album, og under Folkelarm vil dei presentere musikk frå den komande utgjevinga.
Kvar for seg er Espen og Bjørn Kåre etablerte musikarar i fleire forskjellige konstellasjonar. Bjørn Kåre er tidlegare kåra til Årets Folkemusikar, og Espen er den fyrste med ein mastergrad i slåttespel på gitar ved Noregs Musikkhøgskule. Saman har dei musisert i mellom anna det kritikarroste bandet Aslak Brimi Kvartett.
Espen Wensaas - Gitar og cittern.
Bjørn Kåre Odde - Fele og bratsj.
Kontakt:
Melovitten AS v/ Bjørn Kåre Odde
odde@melovitten.no
Tlf +47 995 47 098
«Lilleslåtter» på Spotify
Bjørn Kåre Odde & Espen Wensaas (Norway)
Espen Wensaas and Bjørn Kåre Odde have spent the last four years refining and developing the combination of guitar and fiddle where traditional folk tunes from Gudbrandsdalen is the main object. The duo is using effective arrangement methods that build up under the originality of each tune. It is unpretentious and straight forward, and melodiously the one instrument is just as important as the other. Their first album, Lilleslåtter from 2022, was nominated for the Norwegian Folk Grammys (Folkelarmprisen). At Folkelarm they will present music from their sequel album launching in 2025.
Separately, Espen and Bjørn Kåre are established musicians in several different constellations. Bjørn Kåre has previously been named Folk Musician of the Year in Norway, and Espen is the only Norwegian guitarist with a master’s degree in Folk Music Performance from The Norwegian Academy of Music!
Espen Wensaas - Guitar and cittern.
Bjørn Kåre Odde - Fiddle and viola.
Contact:
Melovitten AS v/ Bjørn Kåre Odde
odde@melovitten.no
Tlf +47 995 47 098
«Lilleslåtter» on Spotify.
Bjørn Kåre Odde og Espen Wensaas - Folkelarmartist 2024
Foto: Thor Hauknes